![]() |
Eldrepedagogikk er eit omgrep som ønskjer å rette søkjelyset på menneske sine moglegheiter for læring i alderdommen og på samfunnet sitt ansvar for å leggje til rette for dette. Det er paradoksalt at eldre ikkje er ein del av samfunnet sitt pedagogiske prosjekt. Pedagogikken som fag og displin har til no i all hovudsak lagt vekt på barn og ungdom og til ein viss grad vaksne. I seinare år har ein fått ei utvikling der ei pedagogisk satsing på eldre har fått merksemd gjennom bruken av omgrep som eldrepedagogikk, geragogikk, educational gerontology. Dette er retningar som ønskjer å fokusere på ulike aspekt når det gjeld eldre og læring, men i den store samanhengen er desse svært marginaliserte.
Sentrale spørsmål for ein eldrepedagogikk blir korleis lærer eldre, kva skal eldre lære, kvifor skal eldre lære, og korleis
kan ein leggje til rette for at eldre kan lære på individ og samfunnsnivå? (Synnes, Sætre, Ådlandsvik 2003)
Alt bruken av nemninga ”eldre” er problematisk då det kan gi inntrykk av at eldre nærmast er ei einsarta gruppe. Snarare er
sanninga at eldre som gruppe er ei svært heterogen gruppe, meir heterogen enn ungdom og vaksne. Di eldre vi blir di meir ulike
blir vi. Dette gjer seg gjeldane på det fysiske området som på det mentale. I alderdommen blir spranget mellom dei friske
eldre og dei som blir råka av sjukdom og lidingar aukande på begge desse områda. Eldre er friske oppegåande eldre som tek
vidareutdanning og reiser til fjerne himmelstrok, og eldre er hjelpetrengande eldre på institusjon. Eldre er einsame eldre
som sjeldan kjem seg ut, og eldre er sosiale personar med eit rikt sosialt nettverk som knapt får dagane til å strekkje til.
Eldre er ressurspersonar som blir brukte som foredragshaldarar og eldre er demensramma som ikkje klarer kvardagen.
Likevel er det dominerande biletet av eldre prega av dei negative tendensane, av mentalt og kroppsleg forfall. Dette som ofte
blir omtalt som ”mytane” om alderdommen blir ofte fremja av media sine framstillingar: Når vi ser eldre i media er det oftast
i reportasjar som stadfestar forventningane våre. Hovudvekta ligg på sjuke og pleietrengande som vert utsett for overgrep,
manglande stell, som må liggje på gangen i overfylte korridorar osv. Dette biletet vert kontrastert av unntaka, dei usedvanleg
spreke eldre: oldefaren som kastar seg ut i fallskjerm for første gong, bestemora som fullfører Birkebeineren for 40. år på
rad. Aldersforskarar kallar dette tvisynte biletet for ”alderdommens janusansikt”. Vi blir berre presentert for ytterpunkta
av alderdommen, ikkje majoriteten av dei eldre som lever livet ein stad mellom desse to ekstremitetane. Til saman skapar
dei rådande bileta av alderdommen ein frykt som ikkje stemmer med røyndomen. Som aldersforskar Svein Olav Daatland sa i eit
foredrag: ”man har mye dårligere forventninger til alderdommen enn hva som er tilfellet.”
Også aldersforskinga har blitt skulda for å fremje negative stereotypiar av eldre. Professor i sosialgerontologi ved Universitetet
i Uppsala, Lars Tornstam, meiner at mykje av forskinga kring eldre er påverka av negative mytar og samfunnsbaserte fordomar
(Tornstam 1992). I USA kallar Harry Moody dette for ”the biomedicalization of aging” – forskinga opprettheld eit bilde av
alderdommen som problematisk for å rettferdiggjere ei auka satsing på forsking der medisinske tilnærmingar blir prioriterte
(Moody 1993).
Korleis lærer eldre?
Det enkle svaret på dette spørsmålet er at eldre lærer som andre menneske.
Det er gjort forholdsvis lite forsking på eldre og læring. Den forskinga som er gjort viser at vanleg aldring, ikkje treng
føre til tap av kognitive evner. Dersom ein brukar evnene oppover i alderdommen er det lite som tydar på at ein misser dei.
Begrepet ”Use it or lose it” blir ofte brukt av aldersforskarar for å syne at bruker du evnene dine, så beheld du dei. Psykolog
Sol Seim si store livsløpsundersøking er ei av fleire undersøkingar som har vist dette. Kjell Raaheim (2000) understrekar
at synet på læringspotensial i dei seinare åra har endra seg radikalt: ein har store moglegheiter for læring i alle fasar
av livet.
Mykje av bakgrunnen til at ein tidlegare meinte at eldre ikkje lærte så godt etter kvart som ein kom opp i åra skuldast m.a.
korleis ein testa eldre menneske sin læringskapasitet. Dette var ofte testar som var lagt til rette for yngre menneske der
det gjaldt å fylle ut ulike skjema på kortast mogleg tid. Det har vist seg at denne formen for kunnskapstesting ikkje passar
eldre menneske. Dei kan trenge meir tid på å lære ting som dei kunne klare raskare då dei var yngre, men ofte har eldre også
større evner til å sjå heilskapar, til å sile ut unyttig informasjon enn kva yngre mennske har. Og når det gjeld dei kreative
evnene, har Sol Seim vist at ein 70-åring kan ha større kreative evner enn ein 30-åring.
Kolbein Lyng ved NOVA har hevda at det er vanskeleg å peike på felles eigenskapar hos eldre utover alder som gjer ein eigen
pedagogikk naudsynt. Mellom anna understreka han at det ikkje kan visast nokon eintydig kopling mellom alder og kognitive
føresetnader for læring som legitimerer ein særskilt pedagogikk for eldre. Eldre treng ingen eigen pedagogikk for å lære –
dei lærer på same måten som andre vaksne personar. Dei unntaka ein finn hos t.d. hørselshemma eldre og personar med demens
kan knytast til den (spesial)pedagogikken som alt finst for personar med slike skadar. Omgrepet eldrepedagogikk blir såleis
misvisande og kan føre til ei oppfatning av at eldre som gruppe treng spesielle pedagogiske tiltak av di dei er avvikande
i sine føresetnader for å lære (Lyng 2000).
Dosent ved Gerontologiskt Centrum i Lund, Torbjörn Svensson, uttrykkjer liknande synspunkt når han er opptatt av det ikkje
er eldre som einsarta gruppe pedagogikken bør fokusere på, men plasseringa innan ulike alders-kohortar – som heile tida vil
endre seg med omsyn til sosial og kulturell bakgrunn. Dagens 60-åringar vil om 20 år ha heilt andre krav og føresetnader for
læring enn dagens 80-åringar. Alderskohortane vil gi ulike utslag når det gjeld kva skulegang ein har hatt, kva for eit samfunn
ein har vokse opp i m.m. Ein kan såleis ikkje snakke om ein eldrepedagogikk då eldre som gruppe heile tida vil endre seg.
Svensson ser difor heller at ein bruker omgrepet “aldringas pedagogikk” for å vise den dynamiske endringa som ligg i utviklinga
i dei eldre årsklassene. Ein slik pedagogikk må leggje vekt på eldre sine mogelegheiter for læring med basis i kohortane,
eldre sine kognitive evner, eldre sine interesser for læring, motivasjon m.m. (Svensson 2000)
Eit sentralt tema for eldrepedagogikken er også kva moglegheiter og kva arenaer eksisterer for eldre og læring i samfunnet.
Sjølv om eldre kanskje ikkje treng ein eigen pedagogikk (om ein ser pedagogikk berre som didaktikk) av di vanlege eldre ikkje
lærer annleis enn yngre, trengst ei pedagogisk satsing på eldre sidan det nærmast ikkje eksisterer pedagogiske tiltak for
eldre i samfunnet.
Ein kan såleis ikkje hevde at eldre lærer på annan måte enn andre menneske med unntak av at eldre kan trenge lenger tid på
ein del område. Læring av t.d. IKT er sjølvsagt eit slikt område der eldre treng lenger tid å lære enn yngre. Men dette har
nok meir med manglande erfaringar og kulturell og sosial bakgrunn å gjere som sjølve læringspotensialet. Når det gjeld eldre
med ulike sjukdommar og lidingar som demens, slag, nedsett hørsel og liknande er det sjølvsagt annleis, og dei vil måtte trenge
ulike spesialpedagogiske tiltak for å kunne fungere i ein læringssituasjon, gjenlære gløymte/tapte ferdigheieter m.m.
I Danmark har Kurt Wissendorf Møller m.fl. (2000) ønskt å inkorporere desse ulike nivåa for eldres læring ved å dele eldrepedagogikken
inn i tre delar: allmenn pedagogikk, spesialpedagogikk og sosialpedagogikk. Den allmenne pedagogikken svarar til at eldre
lærer stort sett som andre menneske og opnar opp for ulike tilbod for utvikling, mentalt som fysisk. Omgrepet livslang læring
høyrer inn her. Spesialpedagogikken er meint som støtte til personar med ulike sjukdommar for gjenlæring av kunnskapar, pedagogiske
og kompensatoriske tiltak som igjen kan bidra og sikre livslang læring også for denne gruppa eldre. Sosialpedagogikken handlar
om støtte til eldre som opplever store endringar i livet som ved tap av ektefelle, barn, alvorleg sjukdom m.m.
I dette prosjektet med fokus på helsefremmande arbeid for og med eldre er det nok den allmenne pedagogikken som vil vere interessant.
I ein slik samanheng vil didaktikk inspirert frå ulike pedagogiske retningar kunne vere fruktbare (sjå ”korleis kan ein leggje
til rette for læring blant eldre?”).
Kva skal eldre lære?
![]() |
Pedagogikk for barn, ungdom og vaksne har ofte hatt eit kollektivt preg. For barn og unge er det fastsett gjennom læreplanane kva dei skal lære, og kva som skal
vere målet med skulegangen. Vaksenpedagogikk har i stor grad vore prega av omskolering og utdanning for vidare aktivt yrkesliv.
Pedagogikken for eldre derimot blir i hovudsak individorientert (Møller 2000). Ein er frigjort frå ytre krav om samfunnstilpassa
opplæring for deltaking i yrkeslivet. Dette gjer at ein pedagogikk som har eldre som målgruppe må ta utgangspunkt i dei ulike
interessene og dei ulike gradene av ressursar til ei svært heterogen gruppe. Eigne behov og ønskjer vil stå sentralt for kva
eldre ønskjer å lære. Det er såleis viktig for å få eldre til å delta i pedagogiske opplegg at dei ser nytten av det dei er
med på, eller at det er noko dei har lyst til å gjere.
Når ein spør etter kva eldre skal lære, bør ein kanskje og stille spørsmålet: kva kan eldre lære bort? Det er eit faktum at
40% av dei eldre aldri hamnar på institusjon, og på institusjonane sit det og mange med ressursar som ikkje blir nytta av
samfunnet. Er ikkje eldre interesante sidan dei ikkje er ein del av den yrkesaktive befolkninga lenger? Her er eit ofte unytta
potensiale for læring på mange ulike område.
Korleis kan ein leggje til rette for læring blant eldre?
Med omsyn til at eldre er ei heterogen gruppe, og at dei lærer stort sett som andre, er allmenne didaktiske refleksjonar kring
tilrettelegging like gyldig her som for andre menneske.
Likevel er her moment som kan vere særskilt viktige å tenkje over når det gjeld å leggje il rette for læring for eldre: bakgrunnen,
tidlegare erfaringar, ressurser, interesser m.m. Kva yrjeksmessig bakgrunn dei eldre har vil spele inn på kor lett dei t.d.
kan gjere seg kjend med IKT-verkty og liknande. Tidlegare erfaringar i læresituasjonar spelar inn. Mange eldre har opplevd
ein annan pedagogikk enn dagens unge opplever. Det finst mange døme på eldre som har negative opplevingar bak seg av ein pedagogikk
som først og fremst har fokusert på det ein ikkje har fått til, eller ein autoritær pedagogikk der læraren sat inn med fasitsvaret.
Desse vil ofte vere skeptiske til å sitje på ”skulebenken” att. Trua på eigne evner til læring og på at ein kan noko har fått
seg ein knekk. Sjølv eldre som var flinke på skulen, kan ha manglande tru på eigne evner til å lære nytt. Mytane om alderdommens
forfall kan vere ei årsak. I ein slik situasjon er det svært viktig å styrke trua på eigne moglegheiter, senke krava til eigne
og andre sine forventningar . Psykologen Albert Bandura (sosial kognitiv teori) hevdar såleis at det ikkje berre er evnene
våre som spelar ei rolle i læreprosessen, men også trua vår på evnene våre. Vår eiga tru og andre si tru på evnene påverkar
dei same evnene. Dette er avgjerande for kva oppgåver og aktivitetar ein vel å gå i gang med, kor mykje ein investerer, kor
uthaldande ein er. Eit slikt syn gjer det til ei viktig oppgåve for pedagogen å arbeide med den lærande sitt sjøvbilete på
dette området. Eit inkluderande læringsmiljø der alle blir høyrt er viktig. I eige arbeid med eldre har vi sett mange døme
på dette: eldre som ikkje hadde noko tru på eigne evner, men som etter ros, oppmuntring og støtte frå pedagog og ”medstudentar”
blomstra opp og fekk til ting dei på førehand var overtydd om at dei ikkje ville greie.
Eldre sit inne med rike erfaringar frå eit langt liv. Å bruke dette som ein ressurs i ein undervisnings eller læringssamanheng
er viktig. Den sosiale konteksten for læringa er, som i all for for læring, eit sentralt punkt. Trygge læringsarenaer og eit
godt læringsmiljø er viktig særleg med tanke på dei eldre som ikkje har deltatt i nokon formell læringssituasjon på mange
år.
Referanser
Lyng, K. (2000). Eldres potensialer for læring og utvikling. Foredrag ved 1. Nordiske kongress i eldrepedagogikk, Århus 6.
april.
Moody, H. R. (1993). What is critical gerontology and why is it important. I T. Cole, A. Achenbaum, P. Jakobi & R. Kastenbaum (Eds.). Voices and Visions of Aging (xv-xli). New York: Springer.
Møller, K. W. (2000). Ældrepædagogik – et postindustrielt design. Fredrikshavn: Dafolo
Raaheim, K. (2000). Læring gjennom livsløpet – integrert kunnskap. I: A. Raaheim & K. Raaheim: Læring hos voksne. Bergen: Sigma forlag.
Svensson, T. (2000). Vad är äldrepedagogik? Foredrag ved 1. Nordiske kongress i eldrepedagogikk, Århus 6. april.
Synnes, O., Sætre, O. & Ådlandsvik, R. (2003). Tonen og glaset: pedagogisk arbeid med eldre og verbal kreativitet. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
Tornstam, L. (1992). The quo vadis of gerontology: on the scientific paradigm of gerontology. The Gerontologist, 32, 3, 318-326.




